Nytt album får hyllest utanlands, men slakt i Noreg

Nytt album får hyllest utanlands, men slakt i Noreg

Medan Taylor Swift-albumet «Midnights» blir hylla utanlands, er norske musikkmeldarar tilbakehaldne med rosen. – Skandaløst svakt, seier éin kritikar.
Taylor Swifts tiande album «Midnights» har gjort ho til den mest strøyma artisten nokosinne.

Av internasjonale medium blir det hylla:

Britiske The Guardian gir plata toppkarakter, den toneangivande musikknettstaden Pitchfork gir albumet sju av ti, medan tidsskriftet Rolling Stones er overtydd om at albumet må sest på som ennå ein klassikar frå Swift.

Men i Noreg har musikkmeldarane vist seg å vera eit tøffare publikum enn dei internasjonale kollegaene deira.

– Skandaløst svakt
Artisten har med det nye albumet slått sin eigen rekord frå 2017. Plata er nemleg den einaste sidan albumet hennar «Reputation» som har seld éin million eksemplar den fyrste veka.

«Midnights» blei gitt ut natt til fredag og slo rekorden på berre tre dagar, ifølgje Variety.

Musikkmeldar Audun Vinger i DN er i Noreg åleine om å kalla albumet ein av årets aller beste popalbum.

Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten meiner albumet startar lovande, men ender med å vera gjentakande og kjedeleg. Han gir det terningkast 3.

Hardast i dommen er musikkmeldar i NRK P3, Espen Borge, som meiner albumet er «skandaløst svakt». Han trillar terningkast 2.

Borge synest det er vanskeleg å svara på kvifor det er så store sprik mellom norske medium og amerikanske og britiske medium. Men han synest det er eit gjentakande mønster.

– Eg har lagt merke til at Rolling Stone og The Guardian gir gode kritikkar ofte, dei er kanskje veldig glade i store artistar, og glade i å rosa det etablerte. Det er jo berre spekulasjon. Men eg føler ikkje at dei er så veldig på søken etter nye impulsar.

Ida Løken